Fusit Data & Teknkologi AS består av Rune Gangstø og Peter-Hans de Zwarte. Begge har i fleire år drive med reparasjon av datamaskiner. I tillegg har Gangstø drive med reparasjon av mobiltelefoner, og De Zwarte med vevutvikling. No har duoen slått seg saman til Fusit.

Namnet Fusit kjem av heimkommunen deira, Fusa, og forkortinga for ordet «informasjonsteknologi». Fusit er visstnok også eit ord for ein ugreie situasjon, der ting ikkje gjekk som planlagd, men det prøver me å motbevise.

Offisiell stiftelsesdato er 1. januar 2015. Formålet er feilsøking, reparasjon, support og vedlikehald av IKT-materiell. Utvikling og oppsett av nye vevsider, og vedlikehald/oppdatering av eldre vevsider. Programmering og design av grafiske objekt. Import, sal og utleige av software, hardware og tenester. Digitalisering av bilete, video og lyd.

Frå 1. januar 2016 har me hatt verkstad / kontor / butikk i 2. etg på Fusatun.

Me tilbyr våre IT-support tenester hovudsakleg i Fusa kommune og omland. Vevutvikling og reparasjon av mobiltelefonar / nettbrett er ei landsomfattande satsing.

Rune Gangstø
Rune Gangstø

Dagleg leiar

  • Reparatør
  • IT-support
Peter-Hans de Zwarte
Peter-Hans de Zwarte

Styreleiar

  • Nettstader / vevutvikling
  • IT-support