Avvikling av Iktal – Fusit overtar

IKTAL AS legg ned - Fusit overtar kundeportefølje

Dagleg leiar, Rune Gangstø, sit på support og er klar til å hjelpe deg

IKTAL AS ved Jan Tjosaas har sidan sommaren i år 2000 tilbydd IT-hjelp til både privat og bedrift. Etter 23 år med IT-tenester vert IKTAL no lagt ned i det Jan går inn i ei ny stilling på ny arbeidsplass. For å sikre kontinuitet for eksisterande kundar, overtar Fusit Data & Teknologi AS kundeporteføljen.

Kva betyr dette for meg som kunde?

I utgangspunktet betyr det berre at du no vil få eit nytt kontaktpunkt mot IT-support. Me vil gjere så godt du kan for at overgangen skal bli så smidig som mogleg.
 

Korleis tar eg kontakt?

Du kan gjerne ringe oss på 940 55 950 eller sende oss ein e-post her. 

Me har òg eit kontor i kjellaren på «Kassen» i Sandvenvegen 17, Norheimsund, men det er fint om du tek kontakt i forkant av at du kjem ettersom me ofte er ute hos kundar.

Les meir om Fusit

Kva tenester tilbyr Fusit?

Du finn ei oversikt over nokre av tenestene me tilbyr her, men me tar òg på oss andre relaterte jobbar. Sjå for eksempel gjerne artiklane våre her

Motta informasjonsbrev

Me prøver å sende ut litt informasjon om følgande:

  • Informasjon om pågåande svindel ein bør vere oppmersom på
  • Nye artiklar på nettsida vår
  • Tilbodskampanjar eller nyttig informasjon frå leverandørane våre
  • Me ynskjer òg å lage nokre «e-postkurs» der me blant anna informerer om svindelmetodar eller andre lure triks.

Få hjelp av oss

Me hjelper private og bedrifter med IT-kvardagen.