Me lever i ei stadig meir digitalisert verd, kor teknologien utviklar seg i ein voldsom fart. Samstundes vert mange av dei gode, gamle minnene etterlate på utdaterte medium som videokassettar.
Kva er digitalisering og kvifor er det viktig?
Digitalisering handlar om å overføre analog informasjon til digital form. Når det kjem til videokassettar, betyr dette å konvertere dei til digitale filer som kan lagrast og visast på TV, PC eller mobiltelefon. Dette gjer det mogleg å ta vare på og dele minner på ein langt enklare måte.
Har du gamle ferieopptak, videoar frå då ungane var små, eller andre viktige hendingar, kan det vere fint å få dei overført. Kanskje skal du vise ein filmsnutt i eit bryllup, eller ein konfirmasjon?
Levetida til kassettar:
Det er viktig å vere klar over at kassettar har ei avgrensa levetid. Over tid kan dei bli utsett for slitasje og forringing, noko som kan resultere i tap av verdifulle minner. Derfor er det viktig å få desse opptaka overført til ei digital plattform. Dette vil sikre at minna blir bevart for framtidige generasjonar.
Restaurering av dårleg kvalitet:
I tillegg til digitalisering tilbyr Fusit restaurering av dårleg kvalitet. Dette er ei tilleggsteneste for å forbetre videokvaliteten. Dette er særleg verdifullt der eldre opptak har blitt slitt over tid.
Kva slags kassettformat kan digitaliserast?
Fusit digitaliserer fleire ulike kassettformat. Desse inkluderer VHS, VHS-C, Hi8, Digital8, MiniDV. Der det er format me sjølv ikkje kan digitalisere, har me samarbeidspartnarar som hjelper oss.
Me overfører til minnepenn, eller du kan få ei lenke til å laste det ned frå nettet. Nokre spør oss òg om å overføre til DVD. Det gjer me gjerne, men me vil sterkt tilrå at ein då òg lagrar det på eit anna format ettersom DVD òg er eit format som er på veg ut.
Me kan òg vere behjelpeleg med å overføre frå DVD og CD til minnepenn eller andre media.
Lagring av minner for framtida
Me gjer det mogleg å bevare og dele kjære minner på ein moderne måte. Så om det er konfirmasjonsfesten til den kjære nevøen eller dei gamle ferieopptaka frå familieturen, ynskjer me å hjelpe deg.