Mobilreparasjon

Samarbeid mellom Fusit og Mobirep

Sidan oppstarten i 2015 har Fusit tilbydd kvalitetsreparasjonar av mobiltelefonar og nettbrett.

Med stadig meir avanserte mobiltelefonar har det blitt utfordrande å halde tritt med utviklinga og oppretthalde både utstyret og kunnskapen som krevst.

Mobirep har allereie bistått oss med reparasjon av mobiltelefonar og andre einingar når me har hatt begrensa kapasitet. No har me teke dette samarbeidet eit steg vidare.

Fusit og Mobirep har no gått saman om å dele verkstadslokaler i Norheimsund. Dette samarbeidet styrkar våre fokusområde. Fusit med IT-support og Mobirep med mobiltelefonreparasjonar.

For våre kundar i Bjørnafjorden er det framleis mogleg å levere mobiltelefonar i Eikelandsosen hos Bunnpris. Fusit vil framleis hente einingar der tirsdagar og levere dei tilbake veka etterpå.

Me er glade for dette samarbeidet med Mobirep og ser fram til å kunne tilby endå betre reparasjonstenester og ei meir effektiv og påliteleg oppleving for kundane våre. Saman vil me halde tritt med den stadig aukande kompleksiteten og utviklinga innan mobilteknologi.

Me ønskjer å takke kundane våre for støtta og tilliten deira, og ser fram til å fortsette å betene dykk med dei forbetra tenestene våre.