Divider

IT-avdeling for privat og bedrift.

Kor ofte hender det ikkje at det er noko kluss med datamaskina, internett, skrivaren, eller kanskje serveren? Har du då nokon du kan kontakta?

Kanskje er ikkje di bedrift så stor at du har ei eiga IT-avdeling, men behovet for nokon som kan drifta det du har, er der likevel.

Fusit har sidan 2015 fungert som IT-avdelinga til fleire små og mellomstore bedrifter og assisterer dagleg med problemløysing og rådgivning for kundar. Me tek oss av drift av nettverk og datamaskiner, og kan tilby ei totalløysing med monitorering, antivirus, sikkerhetskopi og fjernsupport.