skip to Main Content

Tapte bilder, dokument og filer

Det er vel ikkje så reint få av oss som har ei gamal datamaskin eller mobiltelefon liggande. Kanskje virkar den ikkje lenger, eller du har gløymt passordet, men innhaldet skulle du gjerne hatt tak i. Dei gamle bryllupsbilda, eller familiefotoa. Dokument som hadde vore kjekke å sjå igjen.

Ofte er det ikkje umogleg å hente ut innhaldet sjølv om maskina ser ut til å vere heilt død.

Har du ved eit uhell klart å slette bilda på minnekortet eller datamaskina kan me ofte hjelpe då òg. Det viktigaste om det skjer, er at du slår av maskin så snart dette skjer slik at filene ikkje vert overskrivne.

Me kan undersøke og ofte hente ut data frå mellom anna:

  • Datamaskiner
  • Mobiltelefoner
  • Nettbrett
  • Disketter
  • CD- og DVD-plater
  • Minnekort
  • Og meir…

 

Me er partnarar med Ibas, Nordens ledande tjenesteleverandør av datarekonstruksjon. Det me ikkje har utstyr til å handtere sjølv, kan me sende inn for vurdering hjå dei.

Send oss gjerne ein forespørsel i skjemaet nedanfor, eller ring oss på 940 55 950.

Namn:

E-post:

Emne:

Telefonnummer:

Meldinga di:

Ved å bruke dette skjemaet godtar du at informasjonen blir lagra og handtert av denne nettsida.

    Back To Top