Om oss

Kven er me?

Fusit vart starta i gamle Fusa kommune på nyåret i 2015. Me begynte i det små med utvikling av nettstadar, og reparasjon av datamaskiner og telefonar for privatpersonar. Med eit godt rykte vaks me raskt til å kunne tilby drift av nettverk og datamaskiner for bedrifter. I dag arbeider me i hovudsak med bedrifter, men hjelper òg mange private med små og store problem.

I 2021 flytta me hovudkontoret vårt til Norheimsund i Kvam herad. Herfrå held me fram med å utvikle tenestene våre. Me brenn for å gjere din arbeidsdag lettare og tryggare, og vil stadig følge med i trusselutviklinga slik at du slepp det. Me ynskjer å tilby IT-tenester på eit språk du forstår.

Til dagleg vert Fusit drive av Rune Gangstø. Han har alltid hatt ei stor interesse for data og teknologi, og allereie året han vart fødd kom den fyrste datamaskina i heimen på plass med DOS og Windows 3.11. Utdanninga har kosta mange kroner i øydelagte datamaskiner for foreldra, og no gjer han opp for det ved å iherdig reparere det han får i hendene. I tillegg til «heimeskulen» har Rune lang erfaring med reparasjon av mobiltelefonar og datamaskiner, og ei utdanning innen nettverk- og systemadministrasjon på fagskulenivå med gode karakterar.

Peter-Hans de Zwarte er bedriftas perfeksjonist, og som webdesignar får han til dei lekraste nettsider, og trør til når det trengs på andre frontar. Han er bedriftas coach, og held seg ofte litt i bakgrunnen der han stadig kjem med innspel og tankar for å drive bedrifta vidare. Når han ikkje driv med Fusit har han mange andre verv og utviklar stadig nye idear for å lette kvardagen.

I tillegg har me gode partnarar, både i Norge og i heile verda som bistår med sin kompetanse for å kunne gi våre kundar gode svar på deira problem.

Rune Gangstø - Dagleg leiar

Kvam, Samnanger, Bjørnafjorden og Norge

Me tilbyr i hovudsak tenestene våre i Kvam, Samnanger og Bjørnafjorden, men har òg kundar utanfor desse områda, blant anna i Fedje og i Sogn. Sjå eit utval av våre kundar nedst på sida.

Likevel avgrensar ikkje kommunegrenser kvar me arbeider, og me kan tilby fjernsupport og skytenester til private og bedrifter over heile landet.

Med ein avtale hos oss, veit du alltid kven du kan kontakte

Me er ei lita bedrift, og det er kort veg til bistand med det du treng hjelp til. Redd for at me er for små? Ingen fare. Me har gode samarbeidsparnarar som sikrar at me kan levere gode tenester til ei kvar tid. Har du ein avtale hos oss veit du kva du har å forhalde deg til, og du får prioritert hjelp når du treng det. 

Me høyrer gjerne frå deg om kva du treng, enten som privatperson eller bedrift. Ta kontakt med oss i dag, så kjem me gjerne innom for ein prat, eller tar eit møte på Teams

Nokre av våre kundar

Gjer oss til di IT-avdeling

Send oss ein uforpliktande e-post

Glimt frå arbeidsdagen