Servicepakkar

IT-avdeling for privat og bedrift

Kor ofte hender det ikkje at det er noko kluss med datamaskina, internett, skrivaren, eller kanskje serveren? Har du då nokon du kan kontakta?

Kanskje er ikkje di bedrift så stor at du har ei eiga IT-avdeling, men behovet for nokon som kan drifta det du har, er der likevel.

Fusit har sidan 2015 fungert som IT-avdelinga til fleire små og mellomstore bedrifter og assisterer dagleg med problemløysing og rådgivning for kundar. Me tek oss av drift av nettverk og datamaskiner, og kan tilby ei totalløysing med monitorering, antivirus, sikkerhetskopi og fjernsupport.

Kvam, Samnanger, Bjørnafjorden og Norge

Me tilbyr i hovudsak tenestene våre i Kvam, Samnanger og Bjørnafjorden, men har òg kundar utanfor desse områda, blant anna i Fedje og i Sogn.

Likevel avgrensar ikkje kommunegrenser kvar me arbeidar, og me kan tilby fjernsupport og skytenester til private og bedrifter over heile landet.

Med ein avtale hos oss, veit du alltid kven du kan kontakte

Me er ei lita bedrift, og det er kort veg til bistand med det du treng hjelp til. Redd for at me er for små? Ingen fare. Me har gode samarbeidsparnarar som sikrar at me kan levera gode tenester til ei kvar tid. Har du ein avtale hos oss veit du kva du har å forhalda deg til, og du får prioritert hjelp når du treng det. 

Me høyrer gjerne frå deg om kva du treng, enten som privatperson eller bedrift. Ta kontakt med oss i dag, så kjem me gjerne innom for ein prat, eller tar eit møte på Teams

Pakkar på IT-support

Kva pakke treng me?

Dersom du ynskjer ein forutsigbar og trygg IT-kvardag der du slepp å bekymra deg for kostnadar knytt til support, vil «Pro support» vere det beste alternativet. Her får du ein utvida sikkerhetspakke som gir deg ein god beskyttelse mot virus og løsepengevirus samtidig som du kan ringa så mykje du treng, og kanskje litt meir når du vil vere heilt sikker. I tillegg vil monitorering pluss inkludere feilrettingar der me kan fikse mange problem før og utan at du merkar dei sjølv. 

Dersom du berre ynskjer support og ikkje har behov for den utvida sikkerhetspakken, kan «Medium support» vera eit greit valg. Her får du 30 minutt pr. sak du treng hjelp til. Dette dekker mange av kvardagens utfordringar. 

For privatbrukarar kan «Basis support» passa best. Denne gir deg ein enkel måte å spørra om hjelp til å identifisere feilmeldingar eller svindel på nett og e-post ved at du kan kontakta oss når du er usikker. 

Sjå artiklar med meir informasjon om ulike pakkane her

Basis support

Passar for private
kr 249,- Pr.mnd - pr. brukar (inkl. mva)
  • kl. 08.00 - 16.00 man - fre
  • 10 minutt telefon- og e-postsupport pr sak*
  • Monitorering basis
  • Supportportal

Medium support

Passar private og bedrifter

Ta kontakt

For eit uforpliktande tilbod
  • Alt i basispakken
  • 30 minutt telefon- og e-postsupport pr sak*
  • 10% rabatt på timepris utover avtale
  • Support på tredjepartsprogramvare
  • Timar utover avtale faktureres pr. påbegynte halvtime i stadenfor pr. time.

Pro support

Det beste valget for bedrifter

Ta kontakt

For eit uforpliktande tilbod
  • Alt i medium-pakken
  • Fri telefon-, e-postsupport og fjernhjelp*
  • Monitorering pluss
  • 15% rabatt på timepris utover avtale
  • Prioritert hjelp
  • Utvida sikkerhetspakke (antivirus og løsepengebeskyttelse)
  • Fritt oppsett og installasjon ved ny PC
  • Utvida automatiske oppdatering til datamaskiner
  • Automatisk rapport på e-post***
Best sikkerhet
og forutsigbar pris

Eller fortsett nedover sida for å sjå meir om tilleggspakkar og andre tenester

Telefon-/e-post/fjernhjelp

  • 10/30 minutt tilgang til support betyr at du får X-minutt med inkludert support pr. sak, ubegrensa antal saker. 
  • Fri tilgang til support betyr nettopp det, alle brukarar får ubegrensa tilgang til support pr. sak.
  • Merk at oppsett av nye løsninger normalt ikkje er rekna inn i supportsaker, men vil kunne inngå etter at oppsett er fullført.
 

Montorering

Fusit overvåker maskinvaren og ser om det er feil som oppstår regelmessig og rettar feil automatisk i bakgrunnen. 

  • Basisfunksjon gir oversikt over feil og loggføring
  • Plussfunksjon gir tilgang til automatisk feilretting og utvida automatiske sikkerhetsoppdateringar av datamaskiner
 

Supportportal

Gir tilgang til ofte stilte spørsmål, instruksjonar for feilretting og bruksanvisninger. Nye bruksanvisninger vert lagt til fortløpande ettersom det kjem forespørslar om dei. 

Sikkerhetspakke

Gir tilgang til utvida sikkerhetspakke som inkluderer løsepengebeskyttelse. Det er òg mogleg å bygge på denne pakken med ytterligare sikkerhetsfunksjonar som diskkryptering, avansert trusselbeskyttelse og meir. Nokre ekstrafunksjonar krev ekstra lisensar.

Ein av fordelane ved å velge antivirusprogramvare for bedrifter er at ein raskare kan få oversikt dersom virus sprer seg i nettverket. Det gjer at ein lettare kan begrense skadar før dei når alle brukarar.

Automatisk rapport på e-post

Få tilsendt rapportar og oversikt over datamaskiner. 

  • Få oversikt over ressursbruk og bruk av diskar på datamaskin
  • Programvare installert på maskiner
  • Antal maskiner som er registrert 
  • Få ein peikepinn på kva maskiner som kan vere moden for utskiftning

Nettverk som tjeneste (for bedrifter)

For deg som er avhengig av eit stabilt og godt nett for å kunne driva bedrifta di utan større avbrudd.

Tenk deg at du har 30 tilsette som sit på eit kontor. Plutselig får du ikkje lengre til å skriva ut, eller ein eller fleire av dei tilsette kjem seg ikkje på nett eller tilgang til serveren. Dette kan vere grunna eit nettverk som ikkje fungerer som det skal. I mange tilfeller er det ikkje så mykje som skal til, men det kan vera godt å ha hjelp til å sette opp eit godt grunnettverk, og ha hjelp til feilsøking når det verkeleg trengs. Nedetid i dagens internettsamfunn kostar mykje.

Fusit tek seg av nettverket ditt frå router til datamaskin, og det meste i mellom.

Bronse

Ta kontakt

For eit uforpliktande tilbod
  • 30 minutt feilretting inkludert*
  • Basisbrannmur
  • Standard switch

Sølv

Ta kontakt

For eit uforpliktande tilbod
  • Fri feilsøking og feilretting*
  • Fri montering av erstatningsutstyr**
  • Pro brannmur
  • Standard switch
  • Halvårlege sikkerhetsoppdateringar

Gull

Ta kontakt

For eit uforpliktande tilbod
  • Fri feilsøking og feilretting*
  • Fri feilsøking på staden**
  • Fri montering av erstatningsutstyr
  • Gratis erstatningsutstyr***
  • Pro brannmur
  • Smartswitch
  • Månedleg sikkerhetoppdateringar
  • Månedlege rapportar
Best på sikkerhet

Du må ha eit internettabonnement utanom pakkane satt opp ovanfor.

Etablering- og abonnementskostnader

Avhengig av kva nett du har, er det nokre etableringskostnader. Kanskje har du ustyr som me kan inkluderer i pakken vår allerede og det vert då ein liten eller ingen etableringskostnad. Ta kontakt, så kan me komme med eit tilbod.

Fri montering og gratis erstatningsutstyr

Dersom det er kritisk at du held nettet i gong i bedrifta, kan me alltid ha utstyr berekna på di bedrift på lager dersom du har gullpakken. Dette gjer at me raskt kan erstatte det dersom du får problemer. Abonnerer du på den største pakken, tar me på oss kostnaden dersom utstyret skulle bli ødelagt.

Fordelar med smartswitch og pro brannmur

Ein smartswitch kan rette feil automatisk, og lettare delast opp i sikkerhetssoner for å auke sikkerheita. Dette gjer at om det oppstår feil, kan det ofte rette seg sjølv innan få minutt, og det går raskare og lettare å diagnostisere feil. 

Ein pro brannmur gir moglegheit for IDS og IPS som står for Intrusion Detection/Prevention System. Dette gjer det lettare å begrense angrep frå det store nettet. Størrelsen på brannmuren avhenger av kor stort nett du har og behov for datatrafikk. 

Gjennomgang og oppdateringer

Å halde seg oppdatert, både med tanke på sikkerhet og nye funksjonar, er viktig. Derfor kan me tilby oppdateringar ved faste intervall. Oppdatering kan leggast til utanom arbeidstid dersom dette er mest gunstig då det kan føre til noko nedetid på internett.

Månadlege rapportar

Dersom ønskelig, er det mogleg å få tilsendt rapportar ein gong i måneden. Dette må aktiverast dersom det er ynskjeleg før rapportar vert generert. 

Me tek oss av det meste mellom router og datamaskin

Me tar ansvar for nettverksutstyret. Dette er f.eks Router, switchar, og grunnelggande kabling. Større kabeljobbar er ikkje inkludert og kan krever tredjepartsleverandør om behov oppstår.

Tilleggspakkar

  • Sikkerhetskopi

    Sikkerhetskopi av filer på datamaskiner og serverar. (Minimum 100GB)
    Velg mellom å benytte våre servere lokalt i Norheimsund, eller skytenester frå kjende aktørar

  • Microsoft Office 365 Business

    Me kan tilby ulike variantar av Microsoft Office 365 for bedrifter.
    Om du har behov for ein proffesjonell e-postkonto, eller vil ha datastyring, kan me hjelpe deg.

  • VPN mot internettverk

    Kan brukast for tilknytning til interne servere og utstyr i bedrifta når brukarar er andre stader

  • Eksternt skrivebord

    Jobb heimefrå - på maskina som er på kontoret

  • Ekstra antiviruslisens

    Ekstra lisens for antivirus (Pro-support inkluderer 1 lisens pr. tilsett)

  • Intranett for bedrifta

    La dei tilsette kommunisere og følge med på kva som skjer i bedrifta.
    Lisenskostnad for eige intranett i bedrifta. Moglegheit for oppgradering til eigen app (krev eigen lisens).

  • Inkludert på-staden-support

    - Krever pakken "Pro support" IT-support
    - Maks X timar på-staden-support pr. mnd. 50% rabatt på timepris utover inkludert tid. (Antal timar avhenger av antal tilsette)
    - Oppmøtekostnad og reisetid kjem i tillegg

  • Sikkert barn på nett (hovudsakleg for skular)

    Krever gullpakken på nettverk
    Reduserer upassande innhald i søkeresultater og kan blokkere nettsider

  • Årleg vedlikehald Chromebooks

    Årleg vedlikehald og nullstilling av Chromebooks (for skular)

  • Årleg vedlikehald Windowsbaserte maskiner

    Årlig kostnad for vedlikehald av elevmaskiner - Windowsbasert (for skular)

  • Drift av server

    Monitorering, sikkerhetsoppdatering, fri support og meir. Pris avhenger av behov.

  • Vakttelefon

    Telefonsupport utanfor arbeidstid med moglegheit for utrykking

Få eit uforpliktande tilbod

Send oss litt informasjon om deg eller firmaet ditt, så tar me kontakt for å finne ut kva som passar best for ditt deg og ditt firma.