For å oppretthalde god dyrevelferd og sikre effektiv drift av garden er det viktig å ha god kontroll over dyra. Fusit tilbyr fjøskamera slik at du kan du vere trygg på at dyra dine har det godt, enten det er lam, kalvar eller andre dyr du vil følge med på.
Korleis fungerer det?
Ved å installere fleire fjøskamera i fjøsen din, vil du få god oversikten over dyra dine i fjøsen. Eit fjøskamera gjev deg moglegheita til å sjå direktebilete frå fjøset rett på mobilen din, uansett kvar du er. Med denne funksjonaliteten kan du vere til stades for dyra dine, sjølv når du er langt unna garden.
Ynskjer du full oversikt, kan du benytte deg av opptak (tilleggsfunksjon). Ved å velje denne tilleggsfunksjonen kan du ta opp og lagre hendingar. Opptaksfunksjonen har ein ekstra kostnad, men den kan vere svært nyttig for å dokumentere og analysere dyra sin oppførsel og adferd.
Dersom du skulle ynskje det, er det òg mogleg å dele tilgangen til kameraa med ein nabo eller venn som kan hjelpe deg å følge med.
Følg med på lamming og kalving
Mange gardbrukarar ynskjer å følge litt ekstra med når det er lamming eller kalving. Med eit fjøskamera kan du enkelt følge med på sauer og kyr, sjølv om du ikkje er fysisk til stades i fjøsen. Dette gir deg anledning til å reagere umiddelbart dersom det er behov for assistanse under lamming og kalving.
Oppdag dyr som kjem seg ut av båsen.
Sidan du har moglegheit til å regelmessig sjekke kameraa uansett kvar du er, kan du enkelt forsikre deg om at alle dyra er på rett plass og handle raskt dersom nokon skulle vere på rømmen.
Trådlaust eller kabla – valet er ditt!
Ulike gardar har ulike behov, og derfor gir me deg valet mellom trådlause eller kabla fjøskamera. Me anbefaler kabla kamera for å sikre ei stabil og påliteleg tilkopling, men kan òg tilby trådlause alternativ for å dekke behov på din gard. Fusit hjelper deg med å finne løysinga som passar dine behov.
Trådlaust internett mellom bygningar
Har du ikkje internett/nettverk i fjøset eller på låven kan Fusit òg levere trådlaust nettverk mellom bygningane på garden din frå eit punkt der du allereie har nett. Dette er særleg nyttig der det er vanskeleg å legge nettverkskabel, men du likevel har fri sikt mellom hovedhus med internett og fjøs. Dette kan òg vere nyttig for å gi andre verktøy tilgang på internett i fjøs eller andre bygg på garden. Dersom du treng internettdekning utendørs i gardstunet, kan me òg hjelpe med det.
Fusit ynskjer å hjelpe gardbrukarar med å ta vare på dyra sine på ein enklare og meir effektiv måte. Ta kontakt med oss i dag, så hjelper me deg å finne gode løysingar for garden din slik at kvardagen blir lettare.