Langdistansenettverk

Kva er eit langdistansenettverk?

Eit langdistansenettverk er sending av internett eller nettverk over større distanser trådlaust, ofte òg kalla radiolink. Bakgrunnen for dette kan vere behov for internett i andre deler av gardstunet, eller til ein anna lokasjon der det er vanskelig, dyrt eller upraktisk å få nett på andre måtar. Denne typen langdistansenett er eit svært godt alternativ til å strekke kabel, og kan ofte vere billigare, raskare og meir praktisk.

Ein hovudregel for å kunne sette opp ein slik langdistanselink er at ein har fri sikt frå der ein ynskjer å sende frå og der ein ynskjer å sende til. Dersom det ikkje er det, kan det nokre gonger gå an å sette opp ein mellombase. I tillegg treng ein internett der det skal sendast frå.

Eksempel på antenne som kan sende internett fleire kilometer

Kva då med rekkevidda?

Me monterer mykje utstyr både i gardstun mellom bygg, men den teoretiske rekkevidda er over 15km, og langt meir om ein går for dei dyrare løysingane, men fleire detaljar spelar inn på den faktiske rekkevidda der refleksjonar og bevegelse er blant desse. Eksempel på bevegelige mål er flyteanlegg på sjø. Likevel, om det ikkje er snakk om meir enn nokre få kilometer, er det normalt ikkje eit problem. 


Bruksområder?

  • Sending av internett til fiskeanlegg og flåter
    Bruk for internett på eit fiskeanlegg eller ei flåte? Dersom du har eit tilknytningspunkt på land, kan me assistere med å sende nettverk ut der du treng det.
  • Internett i garasje
    Treng du internett i garasje, hytte eller kanskje i eit anneks?
  • Kameraovervåkning og internett i driftsbygninger
    Mange av våre kundar ønsker å ha moglegheit for å ha eit kamera plassert der dyra går, t.d. sau og ku. Dette gjeld kanskje spesielt i sesong for lamming og kalving.
  • WiFi-Tale i områder med dårlig mobildekning
    Nokre områder kan ha dårlig mobildekning. Dersom operatøren og telefonen din støtter WiFi-Tale, kan det vere eit alternativ å sette opp langdistansenettverk i kombinasjon med ulike aksesspunkt for å oppnå bedre dekning der du treng det. Dei fleste operatørar i dag har støtte for WiFi-Tale.

  • Sende sikkerhetskopi til eit anna bygg i nærheten
    Ønsker du å ha kontroll på din eigen sikkerhetskopi kan eit alternativ vere å få den sendt til ein annan stad i nærheten.
  • Og mykje meir.

 

Oversikt i nettverket

Me kan heile tida følge med på og oppdatere både innstillingar og programvare på langdistansenettet me leverer. Dette gjer at me enkelt kan sjå om det er feil på eit samband, og komme med feilrettingar. 

Ta kontakt med oss om du har eit prosjekt du skulle hatt internett til.

Antenne for mottak av fleire kameraforbindelser fra fiskeanlegg
Antenne for sending av nett mellom bygninger

Ta kontakt med oss i dag

Verkstad

Egen inngang i underetg.

Sandvenvegen 17, Norheimsund

Me er ofte ute på oppdrag i Fusa, Samnanger og Kvam. Ring gjerne for å laga ein avtale, så veit du at me er der.

Kontakt

Adresse

Fusit Data & Teknologi AS
Sandvenvegen 17
5600 Norheimsund

Telefon

940 55 950

E-post