Bedrift – Kva servicepakke bør me velge?

Små bedrifter og IT-avdelingar

Små bedrifter har ofte ikkje stort nok behov til å tilsette ein person som IT-ansvarleg, men ynskjer framleis å ha god sikkerheit på plass i bedrifta. Du kan leige inn oss hjå Fusit som di IT-avdeling, då vil du få eit fast kontaktpunkt der du kan ta direkte kontakt ved problem. Du kan vere trygg på at me alltid jobbar for at du skal få ein sikrare jobbkvardag.

Føl deg trygg på jobb – med pro support og gullpakken

Bedrifter som ynskjer ein forutsigbar pris, og ein trygg kvardag vil ha best nytte av pakken «Pro support». Med denne pakken jobbar me aktivt for at di bedrift ikkje skal oppleve problem eller unødvendige avbrytingar. Dette får me til ved å monitorere datamaskinene slik at me får varsel om det skulle oppstå feil. Dersom det oppstår større feil, vil me prøve å rette dei i bakgrunnen, og kontakte deg om me opplev større avbrot.

Rune på supporttelefon
Rune på support med kundar

Du får ubegrensa med telefonsupport, som gjer at du ikkje treng å bekymre deg for kor ofte du tar kontakt, eller kva du tar kontakt for.

I tillegg anbefaler me sterkt at du har ein god sikkerhetskopi. (Ein sikkerhetskopi som er på ein ekstern harddisk i same rom som det som er sikkerhetskopiert, er ikkje ein god sikkerhetskopi.) Ved brann eller innbrot kan det fort gå tapt verdiar for di bedrift. Å oppbevare alt i skya er heller ingen idiotsikker sikkerhetskopi, sidan menneskelege feil kan føre til tap av viktige data.

Ved å velje gullpakken, vil me stadig jobbe for å sikre deg best mogleg, både for virusangrep, og menneskelege feil.

I tillegg kan du spare pengar ved å bli fakturert for kvar påbegynte halvtime i staden for kvar påbegynte time for timar som kjem utanfor avtalen.

Ved å velje pro support jobbar me heile tida for å sikre di bedrift betre. Dette betyr at me implementerer nye sikkerheitsoppdateringar og høgare sikkerhet. Me vil i tillegg kunne gje råd om programvare og utstyr som me vil anbefale til di bedrift for å auke sikkerheita.

Ikkje behov for like mykje support, og ynskjer å ta ein større del av sikkerheitsarbeidet sjølv?

Dersom du hovudsakleg ynskjer å stå for sikkerheitsarbeidet sjølv og berre treng IT-support, kan «Medium support» vere aktuelt for deg. Ved å velje denne pakken, får du 30 minutt inkludert tid pr. sak, og fakturering utover dette skjer for kvar påbegynte halvtime i staden for kvar time.

Kva er tredjepartsprogramvare?

Tredjepartsprogramvare er programvare og til dels utstyr som ikkje er levert av oss. Me kan i mange tilfelle gje support på ein del tredjepartsprogramvare. Eksempel på dette kan vere oppsett av skriverdrivarar og skrivarar, all inkludert programvare i Windows og MacOS, nettlesarar og mykje meir. Det me ikkje har kompetanse på sjølv, må takast med leverandør av programvaren/utstyret.

Føler du ikkje at pakkane passar deg?

Me kan til ein viss grad tilpasse pakkane til deg slik at dei passar deg betre. Send oss ein førespurnad, så tek me kontakt med deg for å avklare vegen vidare.

Gjer oss til di IT-avdeling

Sjå dei ulike pakkane og send oss ein uforpliktande e-post

Verkstad

Egen inngang i underetg.

Sandvenvegen 17, Norheimsund

Me er ofte ute på oppdrag i Fusa, Samnanger og Kvam. Ring gjerne for å laga ein avtale, så veit du at me er der.

Kontakt

Adresse

Fusit Data & Teknologi AS
Sandvenvegen 17
5600 Norheimsund

Telefon

940 55 950

E-post