Har eg ein god sikkerheitskopi?

Det er framleis mange som ikkje har ein god sikkerheitskopi av dataa sine. Det kan vere fleire grunnar til dette, men ein av hovudgrunnane er nok at ein ikkje heilt veit kva ein skal gjere med det, eller korleis det bør gjerast.

I tillegg er det ein del som lever med ein falsk tryggleik der ein tenker «eg har jo filene mine i skya, då er eg vel trygg?». I mange tilfelle er dette dessverre ikkje heilt sant. Tenester som ikkje spesifikt er for å ta sikkerhetskopi til skya, er ikkje ein sikkerheitskopi. Microsoft OneDrive er eit eksempel på dette. Microsoft skriv sjølv på sine sider at dei anbefaler å nytte tredjepartsleverandørar for sikkerheitskopi av viktige data frå sine eigne tenester (microsoft.com/nb-no/servicesagreement/).

I tillegg til sikkerheitskopi av filene dine, så er det òg viktig med sikkerheitskopi av bedriftas e-post og brukarar i Microsoft 365 og Google Workspace. Mister du viktige e-postar, kan det fort skape problem.

Eksempel på skytenester der du kan lagre filene dine er Google Drive, OneDrive, Dropbox, SharePoint og meir.

Eit anna eksempel på at skylagring ikkje er ein sikkerhetskopi er når brukarar er litt vel ivrige på sletteknappen, eller var litt uheldig. Dette har me dessverre sett fleire gonger der bedrifter og privatpersonar har mista kritiske data som viste seg å vere vanskeleg å gjenopprette. Dei ulike tenestene har kvar sin måte for å sikre at du kan få gjenopprette filene, men det er begrensa til eit gitt antal dager. Microsoft sine OneDrive- og SharePoint-løysingar har for eksempel 90 dagar der du har anledning til å hente tilbake sletta data. Dersom du ikkje oppdager det i tide, eller ein manuelt vel å slette det som er lagt i den skybaserte søppelbøtta, er det vekke for alltid, og kan ikkje gjenopprettast.

I den digitale verda me lev i, er det stadig meir data som blir lagra rundt om, og det vert meir og meir viktige data som vert lagra digitalt.

Brenn huset ditt ned utan at du har ein god kopi av dataa dine, kan du tape både pengar og tid.

Eit anna problem kan vere løysepengevirus, eller digital utpressing. Dersom du har ein god sikkerhetskopi på plass før dette skjer, har du ein mykje høgare sjanse til å komme deg ut av problema for å fortsette det daglege arbeidet.

Me leverer krypterte sikkerheitskopiløysingar med både lokale serverar i Norheimsund, og i skya hos kjente skyleverandørar.

Våre serverar i Norheimsund er å finna på to ulike lokasjonar. Dette gjer at me kan tilby ein høgare redundans på dataa me sikkerhetskopierer og fyller behovet for å ha sikkerhetskopien på fleire plassar.

Dersom du ynskjer å vite kvar dine data er lagra, er det beste alternativet å velje ein lokal sikkerheitskopi.

I tillegg kan me tilby kald lagring der me tar ut data ved faste intervall for å ha ein sikkerheitskopi som ikkje er tilkopla nettet. Ved å gjere dette, sikrar du at dataa ikkje kan bli angripen over nettet.

Få hjelp av oss

Me hjelper private og bedrifter med IT-kvardagen.