Kva nytte har eg som privat av å ha ein serviceavtale med Fusit?

Me opplever at mange private og bedrifter set pris på å kunne ta kontakt når det er noko dei lurar på. Det kan vere ein e-post du er usikker på om er ekte? Eller du står fast når det kjem opp eit spørsmål på skjermen? Kanskje trykker du berre vekk beskjeden som kjem opp, utan å heilt bry deg vidare om kva det betyr? Maskina virka jo? Nokre gonger kan denne beskjeden ha vore viktig, andre gonger ikkje. Vil du vere sikker, er det lurt å spørje nokon!

Usikkerheita kring om e-postar er ekte eller ikkje kan vere ei stor utfordring i dag. Me høyrer stadig om dei som har klikka på lenker, eller opna vedlegg der ein trudde det var ein viktig e-post frå ein kjenning, eller ein faktura, men så var det eit virus som låser ned maskina di og gjer at du mister alle bilde, dokument, e-postar og meir. Dette hender både private og bedrifter. Då er spørsmålet om du har sikra viktige bilete, videoar, dokument og så vidare. Dersom desse vert angripne av virus eller «løysepengevirus», er det ikkje sikkert det lar seg gjere å få henta dei fram igjen.

Me har tidlegare hjelpt kundar med å få tilbake filene sine, mellom anna bedrifta til Tove, som du kan lese meir om i Bergens Tidene og Os og Fusaposten.

https://www.bt.no/nyheter/okonomi/i/844KE/kreves-for-loesepenger-for-aa-aapne-bedriften

https://www.osogfusa.no/nyhende/fusingar-redda-toves-filer/

Det er likevel ikkje alltid det går an å hente tilbake informasjonen som i tilfella overfor, så derfor vil me råde deg til å vere i forkant der du har gode sikkerhetskopiar på plass.

Det er betre å vere føre var, og derfor er det godt å ha nokon ein kan rådføre seg med. Kontakt oss i Fusit for å forhøyre deg om saken, så hjelper me deg vidare til ein trygg og sikker kvardag.

Alle pakkar kan brukast av både private og bedrifter, men me vil i hovudsak anbefale private dei to minste pakkane. Dersom du likevel ynskjer å sikre deg ytterligare, er det ikkje noko i vegen for å velje pakken som er tiltenkt bedrifter, dette handlar om ditt behov. Prisar på medium- og pro support for private er etter avtale.

Dersom du i hovudsak har små og enkle spørsmål kvar gong, vil nok den minste pakken passe godt for deg. Den gjev deg anledning til å få raske råd og tips når du står litt fast. Har du fleire og meir kompliserte spørsmål, kan ein større pakke passe betre. I tillegg vil ein større pakke gje avslag i pris på timar utanfor avtale, og det vert fakturert pr. halvtime i staden for kvar time som elles er standard.

Få hjelp av oss

Me hjelper private og bedrifter med IT-kvardagen.